Banner

Antall besøkende

Vi har 2 gjestar her no
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner

Brukarpålogging

Me gratulerar...

  • 2012-05-23Wilhelm Engelsen (3 dagar)
  • 2012-05-25Øyvind Tyse (5 dagar)
  • 2012-05-26Vidar Lillevik (6 dagar)

Selskapa under denne logoen skmbt c28012011013200  er tufta på historisk grunn. W. Engelsen Ettf AS vart stifta  av Wilhelm Engelsen i 1912. I førstninga dreiv dei med steinarbeid til grunnmurar og kaiar. Selskapet utvikla seg vidare til å bli ein tradisjonell grunn- og betongentreprenør, og har vore marknadsleiar i Sunnhordlandsregionen dei siste 50 åra. Etter som åra har gått har fleire drifts- og eigedomsselskap skyte knopp frå grunnleggjaren. Frå 2011 er W. Engelsen Ettf. AS eit reint stabsselskap og tenesteytar for dei tre sjølvstendige driftseselskapa;

Engelsen Anlegg as, maskin- og anleggsarbeid.
Engelsen Bygg as, tømrar-/innreiingsarbeid.
Engelsen Entreprenør as, betongarbeid.

og eigedomsselskapa:

Engelsen Eiendom AS, Brattestø AS og Leirvik Eiendom AS

Trygge arbeidsplassar med fokus på HMS, og solid kompetanse på alle fagfelt, er fundamentet hjå alle selskapa. Ei aktiv lærlingordning og fokus på fagleg oppgradering av alle tilsette, saman med gode, ryddige tilsettingsforhold og konkurransedugande løn, er med å styrkje dette fundamentet.

Forretningsdrifta er basert på sunne etiske retningsliner, der romslege tilhøve og samarbeidsvilje er sentralt både overfor kundar, samarbeidspartnarar og internt i selskapa

Brei fagkunnskap, moderne hjelpemiddel god produksjonskapasitet frå lojale medarbeidarar, alt forankra i ei solid historie, gjer selskapa i Engelsen-gruppa enkeltvis og samla, til konkurransedugande aktør med eit solid omdømme i heile marknadsområdet Sunnhordland og Haugalandet.

 

100aar-small

Me har heilt sidan starten vore i hundre, og i 2012 er me i tillegg 100år.

 


     engelsen bygg rgb      engelsen entreprenr       engelsen anlegg  
002 bekkjarvik2 skl 1